Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg. Fylka på Vestlandet har mange felles muligheiter og utfordringar.
Vi kan oppnå meir gjennom å samle kreftene for å utvikle Vestlandet, for å utnytte felles muligheiter og for å løyse våre felles utfordringar. Rådet består av i alt 18 medlemer, og er sett saman av fylkesordførarane, fylkesvaraordførarane og 4 medlemer frå kvar av fylkestinga i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
Dette er dei nyvalde medlemene i Vestlandsrådet 2023-2027
På møte 10.april 2024 vedtok Vestlandsrådet politisk plattform for perioden 2024-2027.
Vestlandsrådet arrangerer sitt haustmøte 2026 i Stavanger, 4.november, kl 0900, med m.a fokus på kraftforsyning på Vestlandet og E39 Vestlandsvegen i NTP 2029-2040. Møtestad er Radisson Blu Atlantic Hotel.
Vestlandsrådet er på plass med fleire spennande og viktige arrangement under Arendalsveka 2026.
Under Arendalsveka signerte fylkesordførarane ei samarbeidserklæring om E39 Vestlandsvegen.
Vestlandsrådet har møte i Ålesund, 9.juni, der m.a Kystverket sine oppgåver langs vestlandskysten og framtidas reiseliv på Vestlandet står på programmet.
Presentasjonar og aktuelt frå m.a. møter i Vestlandsrådet