Paneldiskusjon under møtet
Paneldebatt under møtet. Frå venstre: Vestlandsrådet v/fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise, Knutsen O.A.S. Shipping AS v/Johanne Marie Trovåg, NHO skipsfart v/Evelyn Blom-Dahl, Sjøforsvaret v/personelleiar Stig Arne Hesthamar, NTNU v/Hans Petter Hildre.

Sammen med Maritimt forum, Maritim Opplæring og Rogaland fylkeskommune, inviterte Vestlandsrådet ulike interessentar og aktør til eit drøftingsmøte i Haugesund med fokus på framtidige rekrutteringsutfordringar til maritime næringar. Møtet er ei direkte oppfølging av Maritim Uke som vart arrangert i Haugesund i september 2024.

Fylkesordfører i Møre og Romsdal, Anders Riise, opna møtet og peikte på at Vestlandsrådet sette denne utfordringa og grønn maritim næring på dagsorden, som ein av tre satsingsområder for Vestlandsrådet sin næringsstrategi.

65 aktørar fra næringa deltok på møtet, der det vart presentert ein grundig gjennomgang av status og utfordringa som næringa står framfor. Sjøforsvarets langtidsplan dannar bakteppet for utfordringa, noko som personellsjef Stig Arne Hesthamar sette søkelys på i starten av møtet.

Møteleiar var Fride Solbakken, ny daglig leder av Maritimt Forum. Sammen med engasjerte innleiarar frå sjøforsvaret, næringa, videregåande skuler, fagskuler og universitet/høgskuler vart status og framtidas rekrutteringsutfordringar for maritime næringar presentert og drøfta.

Fylkesvaraordførar i Rogaland, Svein Erik Indbjo, avslutta møtet med å takke innleiarane for å ha sett denne utfordringa på dagsorden og at så mange hadde sett av tid til å delta på arrangementet i Haugesund. Avslutningsvis understreka han at taksameteret går fort når talet på elevar i vidaregåande skule aukar, og etterlyste ein debatt om finansiering av heile utdanningsløpet i dei offentlege skulane.