Korleis skal vi skaffe folk og kompetanse til Sjøforsvaret og rederia på Vestlandet? I langtidsplanen til forsvaret er det lagt opp til 1 300 nye tilsatte dei neste åra og samstundes har rederia også eit stort behov for tilsvarande kompetanse. Spørsmålet er korleis vi saman skal klare å rekruttere nok ungdomar til å velge maritime fag og har vi nok kapasitet til å utdanne dei?
Maritimt Forum, Maritim Opplæring, fagopplæringa i Rogaland og Vestlandsrådet samarbeider om eit dagsseminar, der desse spørsmåla vert sett på dagsorden.
Målet er å tilføre rederinæringa og sjøforsvaret nok sjøfolk og offiserer, for eit framtidsretta maritimt næringsliv og god beredskap langs kysten vår.
Arrangementet er på Quality Hotel Maritim i Haugesund, 22. januar 2025.
Følg linken for påmelding:
https://rogaland.pameldingssystem.no/rekruttering-til-maritime-fag
Følg link under for bedre pris ved evt. overnatting:
Ta kontakt med iver.jan.leren@rogfk.no for evt spørsmål og ytterlegare informasjon.